29. mai 2009

Forfatter:

Kristian Hvesser

Dagens støttespiller: Lars Ove Seljestad

Lars Ove Seljestad er ein norsk sosiolog og forfattar. Han vart fødd i industristaden Odda.  Han debuterte med romanen “Blind” i 2005 og gav i 2006 ut boka “Bastard”, eit essay om klassereise. I 2009 ga han ut boka “Frægd”. Du møter Seljestad på Litteraturfestivalen kl. 17.00 i dag.

1. Hva er din favorittnettside?
Mi favorittnettside er heimesida til Hardanger Folkeblad.

Lars Ove Seljestad2. Hva betyr ytringsfrihet for deg?
Ytringsfridom betyr for meg at eg kan bruka levetida mi på det eg finn meir meiningsfullt enn noko anna. Både i arbeidet mitt som samfunnsforskar og lærar og i forfattarvirket mitt, er ytringsfridomen bærebjelken i verksemda mi. Utan å vera trygg for at min rett til å ytra meg står fast, var eg utan levebrød og utan dette livsinnhaldet.

3. Hvem vil du helst chatte med på internett?
Eg hadde synst at det hadde vore moro å chatta med Bruce Springsteen om liv, arbeid og kunst (og kanskje litt om øl, bilar og damer og, når eg først hadde sjansen).

4. Hvis du fikk forsiden på www.vg.no i morgen, hva ville du fylt den med?
Odda Smelteverk vart i går valt inn på UNESCO si verdsarvliste. Valet medførte ståande applaus frå delegatane. Den norske staten ved petroleumsfondet investerer 10 mrd kroner til restaurering og utvikling av verdas mest spennande industribaserte kunnskaps- og opplevingssenter i den gamle industristaden.
“Dette er verkeleg industrieventyret på ny”, uttalar ein himmelfallen Odda-ordførar.
“Det skulle bare mangle om vi, i vår nyvunne rikdom, ikke tok vare på et samfunn som i hundre år har produsert materiell rikdom, kulturelle verdier og sosiale nyvinninger som det norske samfunnet gjennom generasjoner har nytt godt av”, smiler en tydelig stolt statsminister Jens Stoltenberg.

Kommentarer:

Gamle kommentarer: